Kjeldur

Karen på Sporanes stadfestar i tilsvaret sitt at han driv med slett kjeldearbeid. Det er ikkje fint gjort å skulde på kjeldene sine for eigne feil heller, sjølv om allmenntilstanden til kjeldene, ifylgje han sjølv, er heller dårleg. Ikkje hugsar dei godt og dei slit med mistydingar. Det er sjølvsagt eit minimum at ein driv med kjeldekritikk og dobbelsjekkar opplysningane sine og ikkje minst søkjer å få så breitt kjeldegrunnlag som mogleg. I dette tilfelle har Johan Vaa ikkje gjort det og derfor passar slikt skriveri best i Se & hør og ikkje i ei bok om Hardangervidda. Det er nok for langt for deg å reise heilt til Grungedal, men du kunne ha hivt deg i båten og rodd to tak. Der ville du ha vassa i kjeldur. Der er gamle og nye dyr på Tangen på folkemunne.

Kvifor ikkje taka di eiga kjelde på alvor? Halvor Nordjoret kan fortelje om Hardangervidda-rein på Tangen alt i 1964. Tenk om Sporaneskaren hae fylgt opp dette sporet og prøva å finne ut om noko av Hardanger-reinen vart verande att . Det var vel anleggsarbeid i Vaadalen litt seinare, og fleire av anleggskarane var og jakta på tangen-reinen. Diverre er JV så frimodig og påstend at det ikkje er Hardangervidda-rein att på Tangen, – utan grunngjeving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når du fyrst er i båten på Totak og ror så godt du kan, gjer som Grytebekken og kom deg oppå Flótebunuten.

Det er ein god veg opp ved Lytingshamaren. Det kan vera god metalhygiene for deg og der kan du tenkje over at dine mistak fort vekk kan bli ævlege sanningar. Det er bokskrivaren sitt privilegium.

Det er eit interessant spørsmål du stiller om det er gamle dyrestupper eller bogastelle på Tangen. Eg veit ikkje av nokon som har leita, men eg har ein teori. Dyri snur der ved lótebunuten. Det er store og små stup på mange kantar. Det er djuv på djuv. Det er smalt der. På veten skummelt smalt. Det er slik laga frå naturen si side at du kan koma innpå dyri der, jamvel med pil og boge. Sjavli arbeid å mure noko då.

Truleg vart ikkje Storgut truffen av ei pil, men det var sikkert ein fant av ein Raulending som tok livet av han og som hae drive med tjuvjakt på Tangen.

Olav Haraldson Svalastog