Klare til å telje
I Tokke er dei klare til å ta imot valurnene. Rundt kvart på åtte i kveld kjem dei fyrste ned til Dalen. Mange har nytta retten til å røyste på førehand ved dette valet.
Sperrefristen for å offentleggjere valresultata i kveld er klokka ni. Då stengjer nemleg dørene hjå dei siste vallokala i Oslo. I Tokke kan ein truleg vente eit førebels resultat ved ti-tida.
– Førehandsrøystene, heile 189 i talet, er me ferdige med, men resten kjem fortløpande utover kvelden. Det blir hektisk, men med teljekorpset på 17 personar skal det gå rimeleg kjapt likevel, seier valgeneral i Tokke, Olav Bjørn Bakken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før teljekorpset kan setje i gang, blir bøsser og dokumentasjon sjekka slik at ein unngår feil av nokon slag.
VTB legg valresultata ut så snart dei er klare. Me kjem også attende med fleire stemningsrapportar utover kvelden.