John Kleiv blei tysdag tilsett som ny rådmann i Tokke.
John Kleiv blei tysdag tilsett som ny rådmann i Tokke.

Kleiv blei ny rådmann

Eit samrøystes kommunestyre i Tokke sa tysdag ja til å tilsetje John Kleiv som ny rådmann. Han stadfesta overfor VTB at han etter alle solemerke ville takke ja til stillinga om kommunetyret ville ha han.

– Eg har no vore i kontakt med Kleiv og han stadfester at han vil takke ja, opplyste Felland til kommunestyret litt seinare i møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kleiv reknar med å ta til i stillinga i slutten av januar 2017, eller seinast i månadsskiftet januar/februar.