Kombinert bustad og næringsbygg

Formannskapet i Nissedal gjev dispensasjon frå planregulert føremål (fritidsbustader) for oppføring av kombinert bustad og næringsbygg på Bjønntjønn, slik Erling Tveit har søkt om.

Det nye bygget vil bli liggande i ytterkanten av byggjeområde for fritidsbustadene i Bjønntjønnfeltet på Gautefallheia. Bygget vil forutan bustaddel kunne innehalde kontor, møterom og forretning, til dømes storkiosk med sitjeplassar for enkel servering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søkjar har tidlegare fått løyve til å setje opp eit kombinert bygg for næring og bustad ved Bjønntjønn. Kommunen ser på søknaden no som eit ynske om ei endra plassering av dette bygget.