Kommunenedlegging

Me må vera klar over at det som blir kalla kommunesamanslåing, betyr eigentleg kommunenedlegging. Til dømes 2 kommunar; som vil slå seg saman, blir då til ein. Då er altså den eine lagt ned. I verste fall blir båe lagt ned og ein ny kommune står fram på restane av dei opphavlege.

På 1930-talet var det heile 747 kommunar i Noreg. Men då var infrastrukturen ein heilt annan. Etter kvart som vegnettet og annan struktur vart betre valde fleire å slå seg saman. Eller nokon valde å bli ein del av ein større kommune. Noreg har i dag 428 kommunar. Det trur eg er nær det ideelle talet. Det har fungera bra slik i om lag 50 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me hugsar alle Scheikomiteen på 1960 som gjorde til at mange kommunar vart lagt ned. Eit døme frå Vest-Telemark er Lårdal og Mo som då vart til Tokke kommune.

I Lårdal var der kommunehus, bank, trevarefabrikk, sagbruk, hotell, ullvarefabrikk, 3 butikkar og skule bl.a. I dag er alle desse tilboda borte. Det er berre 250 fastbuande som i hovudsak må køyre langt for å arbeide og får å få tak i det nødvendige til livets opphald.

Ikkje alle kommunane som vart slegne saman på 1960-talet var vellukka og er seinare blive sjølvstendige att.

Det er klok politikk heller å samarbeide kommunane imellom. Politikarane bør stå imot presset frå Regjeringa og vedtaka åikkje legge ned sin kommune!

Arvid Syftestad,

Kviteseid