Kommunereforma må ikkje bli ei bokmålsreform!
Kommunereforma og nynorsken:
Også i Telemark sonderar kommunane i aust og vest, i nord og sør kva for nabokommunar dei eventuelt kan tenke å slå seg saman med, tilsynelatande utan tanke på konsekvensar for nynorsken som administrasjons- og skriftspråk.
Sett frå nynorsken sin synsstad, kan det lett gå ut over denne språkforma serleg om mindre nynorskkommunar slår seg saman med noko større og «dominerande» bokmålskommunar eller språknøytrale kommunar for å bli meir såkalla «robuste» og «ressurssterke».
Artikkelen held fram under annonsen.
Nynorsken kan fort bli skadelidande i t.d. «Lifjell rundt»-alternativet, der nynorskkommunane Bø, Seljord og Hjartdal (merkn. eg føreset at Hjartdal er nynorskkommune) vurderar å gå saman med bokmålskommunane Sauherad, Nome og store Notodden. I det reine Midt-Telemark-alternativet kan den same situasjonen bli for Bø i kompaniskap med Sauherad og Nome, serleg dersom heile Nome kjem med og ikkje bare Lunde, og at gamle Holla da går til Skien/Grenland. Dette sjølv om Sauherad skulle finne på å gå tilbake til nynorsken som administrasjonsspråk.
Om derimot dei seks Vest-Telemarkkommunane, gjerne saman med Hjartdal, blir ein kommune, er nynorsken på trygg grunn. Men dersom Vinje, eventuelt også Hjartdal, heller frir til Tinn/Rjukan, kan det på ny spøke for nynorsken.
Denne situasjonen kring nynorskens rolle synest diverre ikkje å vera tema i kommunereformarbeidet. Her må Landsrådet for nynorskkommunar (LNK) saman med Noregs Mållag og deira lokallag rundt om kring kome på banen med sine innspel og påverknader. Det same gjeld også dette med felles identitet, der uheldige kommunesamanslåingar fort kan skape identitetskløfter som ikkje let seg fylle. Også den friviljuge lags- og organisasjonsstrukturens framtid i storkommunane er eit ope spørsmål, som lett kan føre til at mykje av organisasjonsarbeidet forvitrar, noko som vil vera eit stort samfunnsmessige tilbakesteg.
Jon Ingebretsen,
kommunepolitikar og mållagsmedlem