Kommunesamanslåing, meiningsmålingar og spørjeundersøkingar

Kommunestyret i Kviteseid gjorde dette vedtaket 28.01.2016:        

Kommunestyre vel å nytte innbyggjarundersøking og folkeavrøysting når alternativa til kommunesamanslåing ligg føre. Kommunen nyttar den rammeavtala som er inngått for å gjennomføre undersøkinga. Det vert sett ned eit ad-hoc utval som planlegg og har ansvar for gjennomføring av informasjon til innbyggjarane. Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar utgjer ad-hoc utvalet saman med rådmannen. Folkerøystinga skal vera rådgjevande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til dette vedtaket var at kommunestyret ynskte ein breiast mogeleg høyring av innbyggjarane i Kviteseid før dei gjer eit endeleg vedtak 16. juni. Avtale vart gjort med Opinion AS som har gjort mange spørjeundersøkingar. Forhandlingsutvalet valte fem spørsmål frå menyen til firmaet samt at spørsmål nr. seks vart tilpassa lokale forhold, ja eller nei til samanslåing med Seljord. Spørsmåla vil gje kommunestyret ei god tilbakemelding på kva innbyggjarane i Kviteseid kommune meiner om tenestetilbodet om Kviteseid fortsett som eigen kommune eller om det blir kommunesamanslåing. I tillegg får me svar på om samanslåing med Seljord er eit alternativ. Spørjeundersøkinga vil gje eit fyldigare svar enn bare det folkerøystinga vil gje.

Om spørsmåla skulle vore offentlege kan nok svaret vera ja. Rådmannen tolka at han hadde mynde til å svare direkte på e-posten han fekk om å få tilsendt spørsmåla før spørjeundersøkinga. Rådmannen informera kommunestyret 12. mai om sin vurdering. Han meinte at fokus på spørsmåla før undersøkinga var uheldig, og at ein diskusjon om spørsmåla kunne brukast for påverke svara. Kommunestyret tok saka til orientering.

Kviteseid sine innbyggjarar er dei beste til å vurdere kommunen sitt tenestetilbod, og eg er sikker på at tilbakemeldingane vil gje eit rettvist bilete.

Tarjei Gjelstad,

ordførar Kviteseid kommune