Kommunesamanslåinga sett frå opposisjonen i Kviteseid

Høgre, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet i Kviteseid stemte imot å legge ut den framforhandla intensjonsavtala mellom Kviteseid og Seljord kommune til folkeavrøysting. Me meinte at det ikkje var lagt ned nødvendig arbeid for å sikre god kvalitet i den intensjonsavtala som no ligg føre. Ho ber preg av tidsnød og analysane bak antagelsane er mangelfulle. Det seies lite om korleis ein samanslåing påverkar elevtalet på ungdomsskulen i Kviteseid og grendeskulane, legekontoret og næringslivet i Kviteseid og dei langsiktige økonomiske konsekvensane av ein samanslåing. Det er ikkje gjort samanlikningar mot det å styrke det interkommunale samarbeidet ein har i dag.

Kjem politikarane til å lytte til folket?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviteseid har nå kome så langt at det er gjennomført fire informasjonsmøte om avtala mellom Kviteseid og Seljord. Innbyggjarundersøkinga er i gang. Dei neste milepælene er folkerøysting og påfølgjande kommunestyrevedtak. På bygdemøta var politikarane i debattpanelet klare på deira syn og det verka som dei allereie hadde bestemt seg. Samstundes oppfordra alle partia innbyggjarane om å nytte røysteretten sin, men kjem politikarane til å lytte til kva folk meiner?Vi i opposisjonen er spente på kva posisjonen gjer om folkerøystinga viser fleirtal mot ei kommunesamanslåing? Det er særleg Ap med sine 9 stemmer som vil vere avgjerande og som vi er spente på. Høyrer dei da på folket? Vil dei skulde på låg valdeltaking? Eller vil dei meine dei har dekning ved at det står i valprogrammet deira? Ap har stort sett vore tause i denne viktige saka.

Nokre partinyansar

Senterpartiet og Miljøpartiet meiner samanslåinga ikkje støttar opp om desentralisert busetnad med levande bygder og lokalmiljø. Ein ynskjer fortsatt eit levedyktig Kviteseid der ein ikkje må kjempe ein kamp for å bevare desentraliserte tenester i Kviteseid. Det skal ikkje meir enn eit vedtak til i ein ny storkommune for å flytte tenester og arbeidsplassar frå utkant til sentrum og frå Kviteseid til Seljord.

Kviteseid Høgre er for ei kommunesamanslåing, men ein større enn den som ligg føre. Ein ser det som framtidsretta å legge til rette for større einingar slik at ein kan få same tilgang og kvalitet på kommunale tenester kvar ein måtte bu. Kviteseid Høgre ynskjer i staden å arbeide vidare for ein heil Vest-Telemarkkommune.

Felles synspunkt og argument mot ein samanslåing

Dei tre partia er urolege for å miste det gode samarbeidet Kviteseid og Nissedal kommune har i dag. Me har felles plankontor, landbrukskontor, skatt og lønn, med gode faglege miljø og økonomiske fordelar. Ved å slå saman Seljord og Kviteseid kommune mistar me dette velfungerande samarbeidet.

Dei tre partia er urolege for at skuleelevar frå Ordal og Åsgrend blir sendt til Seljord, kanskje gjeld det og for elevar frå Morgedal. Det betyr ein nedgang i elevtalet på skulane i Kviteseid og svekking av desse.

Kviteseid kommune har gjennom meir enn 150 år vore administrasjonssenter med statlege og regionale lokaliseringar. Me fryktar Øvre Telemark jordskifterett og Vest-Telemark tingrett i Kviteseid vil stå svakare etter ein kommunesamanslåing, sentraladministrasjonen og ordførar er flytt til Seljord. Domstolane som nå ligg i Kviteseid sentrum er eit viktig tilbod i Vest-Telemark, me er redde desse kan forsvinne ut av Vest-Telemark ved ei samanslåing.

Eit av dei viktige omgrepa som bør vere til stades er tillit og truverdighet for å nå fram i ei forhandling, og me er mykje overraska over dei ulike strategivala til Seljord kommune. Kan me stole på det dei seier no, når dei har sagt så mykje ulikt det siste året?

Me ser det som lite truleg at me med eit folketal på rundt 5500 innbyggjarar blir noko meir solide saman enn kvar for seg. I informasjonsmøta vart den felles kommunen mellom Seljord og Kviteseid samanlikna med Bø når det gjeld folkevekst og låge administrasjonskostnader. Vi meiner det er ein særs dårleg samanlikning. Bø har eitt tydeleg sentrum og korte avstandar mellom yttergrensene i kommunen. Til samanlikning er avstandar frå Vråliosen til Åmotsdal stor og det er mange tettstader og småsentra i Seljord/Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me meiner prosessen med å slå saman kommunar er ressurskrevjande både på det økonomiske og det administrative plan. Difor ser me det som uklokt å slå seg saman med Seljord, da det er så mange ulemper og usikre punkt ved samanslåinga.

Kviteseid Senterparti, Kviteseid Høgre og Kviteseid Miljøpartiet Dei Grøne