H. K. H. Kronprins Haakon og H. K. H. Kronprinsesse Mette-Marit kjem til opninga av Dyrsku'n i Seljord.
H. K. H. Kronprins Haakon og H. K. H. Kronprinsesse Mette-Marit kjem til opninga av Dyrsku'n i Seljord.

Kronprinsparet kjem på Dyrsku’n

– Me har stor glede av å fortelje at Kronsprinsparet vil vere til stades når Dyrsku’n skal feire 150 år i haust, melder Dyrsku’n arrangement i ei pressemelding.

H. K. H. Kronprins Haakon og H. K. H. Kronprinsesse Mette-Marit har takka ja til invitasjonen om å delta på opninga av jubileet 9. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 1956 vitja dåverande Kronprins Olav landbruksmessa i Seljord, og me ser på det som ei stor ære at Dyrsku’n og Seljord også ved denne jubileumsfeiringa får besøk frå Kongehuset, seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Dyrsku’n er eit mangfaldig arrangement og Espedalen seier viktige tema i år er berekraft og mattryggleik.

– Dette er like viktige samfunnsmessige tema i dag som det var ved oppstarten av Dyrsku’n i 1866. I tillegg ventar ei mengde aktivitetar både innan kultur, husdyr, husflid og handel. Me gler oss til å vise fram den fargerike folkefesten Dyrsku’n til Kronprinsparet, og til ei storslått opning, seier Espedalen.