Kyrkjene i Vinje forfell
Soknepresten «slår» i bordet:
– Eg har no vore prest i Vinje prestegjeld i meir enn eitt år, og kjenner det diverre naudsynt å koma med nokre merknader til formannskapet, heilt på eigne vegne, når det gjeld den stoda kyrkjene og kyrkjegardane er i her i prestegjeldet. Dette skriv sokneprest Sverre Alfsen til Vinje formannskap, og skriv vidare i brevet at han vart overraska over kor dårleg det stir til med kyrkjene. Alfsen nemner husa som er nedslitne bide utvendig og Innvendig, og skriv at turistar og andre har påpeika dette. – Eg kan vanskeleg skjøne at ein kommune som Vinje vil vere kjent av så mykje forfall av kulturverdiar, og likesæle med vedlikehald og fornying, som stoda no tydeleg syner med omsyn til kyrkjene, skriv Alfsen.