Leiar: Der verdiane blei skapt
Kraftinntektene har vore avgjerande mange stader for at det i dag er kommunar der folk kan bu kvar dei vil og likevel ha tilgang til gode offentlege tenester. Intensjonen med avtalene som har blitt inngått har vore å sikre varige og stabile inntekter til kommunane som tok på seg ulempene med kraftutbyggingane. Men det er eit stadig press på dei økonomiske fordelane. Dette presset vil neppe bli mindre når Telemark og Vestfold slår seg saman frå nyttår.
Kommunane har ofra mykje, og me stør Rune Lødøen, tidlegare rådmann i Vinje, Tokke og Tinn, som i dagens utgåve seier ein må vera på vakt for å ta vare på vasskraftressursen – den viktigaste ressursen kommunane har.
Artikkelen held fram under annonsen.
I dag set me søkjeljoset spesielt på Telemark utviklingsfond. Fondet blei oppretta då dei åtte kommunane (Vest-Telemark pluss Hjartdal og Tinn) inngjekk ei ny avtale med Telemark fylkeskommune om krafta kommunane sjølve ikkje nyttar. Denne erstatta ei avtale frå 1981. Fondet skal bidra til vekst og utvikling i Telemark med spesielt fokus på «næringssvake kommunar og kommunar med nedgang i folketalet». Me har sett på kva det er løyvd pengar til og kven som ikkje har fått.