Leirsjefen i Vrådal
Leirsjef på den store fylkesleiren i 4H i Vrådal sist i juni blir ein myndig 17-åring frå Morgedal. – På leiren i fjor var leirsjefen 19. Mange vaksne såg med stor skepsis på det, men medlemene syns leiren var svært vellukka. Eg vonar folk kjem med ei positiv innstilling – og så får me heller få kritikken etterpå. 4H er ein demokratisk organisasjon, der medlemene skal lære ved å få oppgåver å løyse. Ho er ikkje skvetten Åsne Berge, men går til oppgåva med sju års røynsle frå 4H-arbeid, der ho har gått gradene i Måltrosten heime i Morgedal og hatt fleire verv i styret.