Liv Lofthus er framleis ein engasjert dirigent.
Liv Lofthus er framleis ein engasjert dirigent.

Liv (83) dirigerer songlaget i jolekonserten også i år: – Det er viktig med tradisjonar

Sommaren 2017 låg Vinje songlag nede med «brekt rygg» og det spøkte for jolekonserten songlaget har hatt kvart år sidan 1960. Men med hjelp av blant anna den evigunge dirigenten Liv Lofthus har dei klart å halde liv i tradisjonen. Sundag er dei klare igjen.

Det verkar som 2017 var eit skjebneår for jolekonserten til Vinje songlag. Viss det ikkje hadde kome spørsmål frå gamle songarar og oppmodingar frå innbyggarane i kommunen om å halde jolekonsert, så hadde det kanskje vore heilt slutt på korets eksistens. Fleire krefter tok oppmodingane på alvor og bestemte seg for at dei i alle fall skulle få til jolekonsertar i åra framover – og slik har det vorte.

Ein person har vore sentral for at dette skulle skje, nemleg tidlegare dirigent for koret, Liv Lofthus (83). Ho gav seg som dirigent i 2011. I 2017 sa ho seg viljug til å dirigere att, sidan det var vanskeleg å få tak i dirigent til koret. Gnisten i koret vart tent att, og ein byrja å førebu jolekonserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig med tradisjonar. Difor har eg stilt opp for dette arrangementet dei siste åra. Også for meg er det viktig å halde på songtradisjonen. Folk syng for lite i joli og tradisjonen er i ferd med å døy ut, seier Lofthus.

Plate

I sine velmaktsdagar gav Vinje songlag til og med ut joleplata «Jol i Vinje» (1978). Den har vorte spelt i mange heimar før jol. I dag har koret vel tretti songarar, blant anna ti frå universitetet Søraust, avdeling Rauland. Tilskotet frå Rauland har gjeve koret eit lyft og dreg gjennomsnittsalderen kraftig ned. Årets program for jolekonserten 8. desember, har både kjente og mindre kjente songar og eit internasjonalt preg over seg. Med blant anna to russiske solistar og musikk frå Geirr Lystrups plate «Stjerna frå aust» (2002). Lystrup vart inspirert av russisk musikk på denne plata.

Vegard Omdal på trekkspel, Eystein Matheussen på gitar og Ole Endersen på bass vil akkompagnere under dei to songane songlaget syng frå Lystrups plate.

Vinje songlag har jolekonsert 8. desember. Oppvarming av stemma og pusteøvingar må til før ein byrjar med songen.	alle
Vinje songlag har jolekonsert 8. desember. Oppvarming av stemma og pusteøvingar må til før ein byrjar med songen. alle
Frå venstre Maria Timonen, Darina Detchueva, Meghan Murphy, Will Reidlinger.
Frå venstre Maria Timonen, Darina Detchueva, Meghan Murphy, Will Reidlinger.

Blant dei ti frå universitetet i Rauland, finn me to amerikanarar og to russarar, som alle syng på norsk i koret. Dei to solistane Darina Detchueva (20) og Maria Timonen (21) er utviklingsstudentar og studerer til vanleg ved musikkonservatoriumet ved Petrozavock.

Lofthus er glad for at desse unge er med i koret i år og seier dei gjev henne pågangsmot, energi og songglede.

Invitasjon

Songlaget sende ut invitasjon til studentane på universitetet på Rauland, og dette gav resultat. Kor-bakgrunnen til dei fire utanlandske medlemmane er stort sett den same. Det vil seie ingen, eller lita røynsle med korsong. Men dei har tatt det som ei utfordring og som eit verktøy til å bli kjent med norsk kultur. For tre av dei så er dei rett nok i ei utdanning der dei studerer musikk, men det er nok å lære når ein byrjar i songkor. Samstundes høyrde dei mange godord om koret frå andre studentar i Rauland som var med der. Så freistinga vart for stor og resten er historie.

– Det å vera med koret er ein fin måte å møte den lokale befolkninga på og bli kjent med dei. Dei me har møtt er veldig koselege. Eg studerer fiolin i USA, og dette semesteret er eg i Noreg for å studere norsk folkemusikk. Det er eit ledd i utdanninga der eg også studerer ulike musikkslag rundt om i verda, seier Meghan Murphy (24) frå USA.

– Å synge i dette koret er ein veldig fin måte å lære det norske språket på, og det har alt gjeve resultat. Eg pratar ein del norsk no, og vert betre dag for dag, seier Will Riedlinger (21), den andre amerikanaren i Vinje songlag.

Artikkelen held fram under annonsen.

redaksjon@vtb.no