Må samarbeide om vinterveg
Leiar
Det er ingen grunn til å underslå at E 134 er den mest trafikkerte, og den minst stengde og kolonnekøyrde, aust-vest-vegen av dei aktuelle fjellovergangane.
– Skal me få skikkeleg vinterveg over Haukelifjell må Vinje og Odda samarbeide om reguleringsplanen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ei klar melding frå dei som uttala seg på samferdselskonferansen i Røldal tysdag. Ein av dei var stortingsrepresentant i samferdselskomiteen, Magne Rommetveit, Hordaland Ap. Han meinte det var viktig å vise styrken til E 134, og minna om at for denne vegen er det ikkje noko alternativ med jernbane, slik det er for Rv 7 over Hardangervidda.
I møtet opplyste Arnfin Ansok frå Vegvesenet region vest at med dei planane som no ligg føre for vegen over Haukelifjell, vil stengd veg og kollonnekøyring på grunn av uvêr bli redusert til ein tredjedel av det som er tilfelle i dag. Likevel meinte han området ved fylkesgrensa på fjellet vil vera problematisk fordi vegen også med den foreslegne løysinga blir liggjande open og utsett i uvêr.
Det gjer at E 134 likevel ikkje blir ein framtidig fullverdig heilårsveg, blei det sagt i møtet.
Me registrerer eit framsteg i tevlinga om aust-vest-samband over fjellet. Frå møtet kan det sjå ut som sentrale folk i Hordaland er på veg i rett lei, saman med Telemark og Rogaland.
Det er i alle fall ingen grunn til å underslå at E 134 er den mest trafikkerte, og den minst stengde og kolonnekøyrde, aust-vest-vegen av dei aktuelle fjellovergangane. I fylgje referatet frå møtet i dagens avis hadde tidlegare vegsjef i Hordaland, «keisar Josef» – Josef Martinsen, lita tru på planane for E 134, fordi det ikkje var løyvd pengar til arbeidet.
Det er sjølvsagt eit vesentleg poeng. Men det må ikkje hindre at ein lagar planar. Utan plan får ein i alle fall ikkje pengar. Me veit at det austafor oss, særleg i Hallingdal, blir arbeidd aktivt for å gjera Rv 7 til hovudvegen mellom aust og vest. Der og frå Hordaland, som vidareføring frå Hardangerbrua, er det alt planlagt lang tunell under Hardangervidda.
Det betyr berre ein ting: I Telemark, og fyrst og fremst i Vest-Telemark, må me skruve opp tempoet i planlegginga. Ein kjem ingen veg med å vente på pengar.
Det er eit godt signal viss det nærmar seg semje frå Hordaland-sida. Då er det håp om større drakraft – og det trengst.