Malene Berdalen (31) frå Vinje er ein av få kvinnelege travtrenarar i landet, og har alt markert seg med gode resultat på travbanen. Her med Ramos Boy som ho har bruka eitt år på å trene opp att etter skade. I september vann han sitt fyrste løp på tre år.
Malene Berdalen (31) frå Vinje er ein av få kvinnelege travtrenarar i landet, og har alt markert seg med gode resultat på travbanen. Her med Ramos Boy som ho har bruka eitt år på å trene opp att etter skade. I september vann han sitt fyrste løp på tre år.

Malene ofrar alt for travhestane

Ho føler sjølv at ho har ofra familieliv, vener og sosialt liv, men kunne likevel ikkje valt annleis. Konkurranseinstinktet og kjærleiken til sporten er for stor til det. Malene Berdalen (31) frå Vinje er ein av førebels få kvinnelege travtrenarar her i landet.

– Her har eg tenkt å bli ei stund, seier Malene Berdalen og kikkar ut på stallområdet ved Jarlsberg travbane i Tønsberg.

Det har blitt mange turar med flyttelass dei siste åra. Ho har flytta frå den eine stallen til den andre i heile austlandsområdet, men no har ho altså slått seg til ro. I alle fall for ei stund. Ho etablerte seg på Jarlsberg travbane i august i år, og tok med seg åtte travhestar som ho trenar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det trur eg far min også synest er greitt. Det er han som har måtta køyrd flyttelass for meg, seier Berdalen og trekkjer på smilebandet.

Ho seier sjølv at ho har ofra familieliv, venner og dels sosialt liv for å kome dit ho er i dag, men kunne likevel ikkje valt annleis.

– Det har blitt ein livsstil. Eg jobbar 13 timar i døgnet 365 dagar i året, og er ute i all slags vêr og vind med hestane. Eg ville ikkje hatt det annleis, konstaterer Berdalen, men legg til at ho er takksam for at familien er flinke til å besøkje ho.

Dagen startar klokka 6 for Malene Berdalen. Då er det ned i stallen og starte trening av hestane. Ikkje sjeldan blir det 13 timars arbeidsdagarpå travtrenaren, men ho ville ikkje hatt det annleis.
Dagen startar klokka 6 for Malene Berdalen. Då er det ned i stallen og starte trening av hestane. Ikkje sjeldan blir det 13 timars arbeidsdagarpå travtrenaren, men ho ville ikkje hatt det annleis.
I yngre dagar.Malene Berdalen har konkurrert aktivt i både sprang og dressur i yngre dagar. Her frå tida på Søve.
I yngre dagar.Malene Berdalen har konkurrert aktivt i både sprang og dressur i yngre dagar. Her frå tida på Søve.

«Vil ein ha noko så må ein jobbe for det. Det lærte eg tidleg»

Malene Berdalen

 Stall Berdalen

I enden av travbanen på Jarlsberg heng det eit skilt på veggen der det står «Stall Berdalen». Skiltet er eit synleg bevis på mange års knallhardt og systematisk arbeid.

– Vil ein ha noko så må ein jobbe for det. Det lærte eg tidleg, fortel Berdalen, som fekk sin aller fyrste hest som 7-åring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar pappa kom ein dag og bad meg springe ned i stallen å sjå. Det stod noko til meg der. Det var Åshild, min aller fyrste hest, fortel Berdalen som alt i ein alder av 2 år hadde sin fyrste tur på hesteryggen.

– Mamma og pappa har alltid vore interessert i hest, så ein kan vel takke, eller skulde, dei for interessa mi, konkluderer Berdalen og ler.

«Hest er best» har vel vore eit omgrep for mang ei ungjente opp gjennom åra, men for odelsjenta frå Vinje har det blitt ein livsstil ho ikkje vil bytte mot noko anna.

Hardt arbeid

På ungdomsskulen hadde Berdalen utplasseringsveke hjå Per Gottling, eit stort namn innan travsporten. Der blei ho for alvor bitt av travbasillen. Utplassering blei raskt til sommarjobb i fleire somrar på rad hjå Gottling, og ho kjøpte sin aller fyrste travhest då ho var 15 år.

– Den tok eg med meg heimatt til Bøgrend. Det har vore eit yrande dyreliv i stallen heime. Trur eg har hatt 10–15 hestar innom der, samt eit ukjent tal kaninar, høner og kattar, fortel Berdalen og humrar.

Naturleg nok valte ho Søve då tida kom for vidaregåande. Det blei agronomutdanning og studiekompetanse i løpet av fire år, og mykje hardt arbeid.

– Det kostar pengar å ha hest. Då eg gjekk på vidaregåande jobba eg nærmast døgnet rundt. Eg hadde to hestar på ein stall like ved skulen, gjekk på skule, vaska på ein pub, som eg seinare kjøpte meg inn i og dreiv saman med nokre andre, og spela fotball for Skarphedin. Det blei ikkje mykje søvn desse åra, fortel Berdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hektiske livet gjorde at ho ei stund vurderte ein annan yrkesveg.

– Eg prøva meg ei stund på høgskulen. Tenkte eg skulle studere økonomi, men så fekk eg tilbod om å vere lærarvikar på Søve nokre veker. Vekene blei til tre månader og sidan eit heilt skuleår, seier Berdalen.

Frå 2007 til 2010 var ho assistentlærar ved hestelina på Søve, og om somrane jobba ho som slusevaktar ved Telemarkskanalen og dreiv pub på Ulefoss.

Travsporten lokka

Våren 2010 blei det snakk om å etablere fordjupingsfag i trav ved Søve vidaregåande skule, og turen for Berdalen gjekk difor til travtrenarskulen på Starum ved Gjøvik. Våren 2011 var ho ferdig utdanna travtrenar, men i staden for å vende nasen mot Telemark att lokka travsporten henne i ei anna retning.

– Eg sa opp jobben på Søve og flytta til Momarken. Eg blei så bitt av travbasillen og skjønte at det var dette eg skulle halde på med, seier Berdalen.

Frå då av starta det systematiske arbeidet med å velje seg arbeidsgjevarar og praksisplassar der ho kunne hente lærdom og erfaring.

– Eg løyste ikkje profflisensen før i fjor. Etter travtrenarskulen ville eg jobbe og suge til meg så mykje lærdom som mogleg frå dei beste innan sporten, før eg starta for meg sjølv, slår Berdalen fast, og legg til at alle trenarane ho har jobba for er svært dyktige på sine områder.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lars O. Romtveit (opphavleg frå Rauland) til dømes er ein trollmann med eldre hestar. Han finn veldig fort ut av dei og kva som er gale. Eg har lært veldig mykje av han. Også hos Per Dave Holtung lærte eg mykje om kaldblodshestar, fortel Berdalen, som også fekk høve til å studere travsport i USA nokre veker i fjor vinter.

– Det blei ikkje mykje avslapping den ferien, men eg fekk vitja ei rekkje stallar som driv stort med trening av ungehestar. Det var kjempespennande, fortel Berdalen.

Vann sitt fyrste løp

Ein periode etter travtrenarskulen, medan ho jobba som stallmann, fekk ho også høve til å konkurrere i travsporten.

– Det aller fyrste løpet eg stilte opp i som kusk vann eg. Det gav sjølvsagt meirsmak, fortel Berdalen, som tidlegare også har konkurrert i sprang og dressur.

– Eg er aldri redd på hesteryggen, men tenkjer kanskje meir konsekvensar no enn før. Det gjer noko med ein når ein blir kasta av hesten i 40–50 kilometer i timen og ser heile feltet kjem stormande mot deg, konstaterer Berdalen, og fortel om to alvorlege ulykker i nyare tid.

– Eg hugsar ein gong på Klosterskogen travbane. Då hang eg med den eine foten i stigbøyla gjennom heile svingen og klarte til slutt å stoppe hesten. Eg stramma gjorden, heiv meg på att og fullførte løpet. Det måtte eg bare gjere, elles er det ikkje sikkert eg hadde satt meg på ein hesterygg att med det fyrste, fortel ho.

Knallhard konkurranse

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var likevel trenar ho ville bli, og etter å ha hausta lærdom og erfaringar hjå dei største namna i sporten er ho no godt etablert ved Jarlsberg travbane.

– Draumen er å trene opp ein hest, som vinn løp etter løp i V75. I denne sporten er det resultata som definerer deg som trenar. Konkurransen er knallhard og det er eit mannsdominert yrke. Det gjer at ein må vere tøff og tåle ein trykk, slår Berdalen fast.

Ho har alt klart å hente heim nokre gode plasseringar med Ramos Boy, ein 8-åring som for eitt år sidan var svært skadeplaga og dels avskriven som konkurransehest.

– Eg har bruka lang tid på å fikse og ordna på Ramos Boy. Då kjennes det ekstra godt når resultata kjem, og ein ser at hesten trivast og går godt, slår Berdalen fast.

«Eg les alt eg kjem over, og spør du meg om ein hest eg hadde for ti år sidan så hugsar eg skostorleiken hans»

Malene Berdalen

Hest er heile livet

Resultata kjem så visst ikkje av seg sjølv. Travtrenaren må til kvar tid ha kontroll på alt om hesten. Alt frå kva han et til frukost til kva for travsko som verkar under rådande forhold.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur eg har litt autistisk hjerne når det gjeld travhest altså. Eg les alt eg kjem over, og spør du meg om ein hest eg hadde for ti år sidan så hugsar eg skostorleiken hans, seier Berdalen og ler.

Det siste ho tenkjer på før ho sovnar om kvelden er hestane på stallen og den fyrste tanken som dukkar opp om morgonen er hest. Når ho ein gong utpå kvelden slår på fjernsynet ser ho travløp. Hest er heile livet til travtrenaren frå Vinje.

– Om ti år bur eg i Florida. Eg er litt forsynt av vintrane i Noreg. Nei da, eg veit ikkje kvar eg er om ti år, men eg er heilt sikker på at det handlar om hest i alle fall, slår Berdalen idet ho trekkjer ut i stallen for å sjå til hestane att.