Mange førehandsrøyster
I Fyresdal nytta 164 innbyggjarar retten til å røyste på førehand, og i Nissedal har det aldri vore så mange førehandsrøyster som ved dette valet.
Ved førre kommunestyreval i Fyresdal var det 155 førehandsrøyster, medan den ferske oppteljinga for valet no viser at 164 personar har nytta dette tilbodet. Ei anna positiv utvikling i år er at sundag var 158 innbyggjarar innom samfunnshuset for å røyste. Det er elleve personar fleire enn i 2011.
Ordførar Erik Skjervagen er litt overraska over at det er så høge tal denne gongen. Han fortel om folk som har trudd det kom til å bli dårleg valdeltaking, sidan det bare er to lister å velje i.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg frykta at færre ville røyste, men det er fleire personar totalt på dei to listene no enn då det var tre lister førre gongen. Og dette er eit personval, det er det ingen tvil om. Med så mange førehandsrøyster og folk som røysta sundag er det ikkje noko som tyder på lågare valdeltaking, og det er positivt, seier Skjervagen.
I Nissedal blir det meldt om rekord i talet på førehandsrøyster. 189 innbyggjarar nytta denne retten i år, og det er 40 fleire enn i 2011.
Talet på førehandsrøyster som gjekk til dei ulike partia var ikkje lov å offentleggjere før klokka 21 i går kveld, nokre timar etter at VTB gjekk i trykken.