Meir behandling av helseplan
Ein ikkje har funne rette medisinen i forslaget til folkehelseplan, meiner kommunestyret i Fyresdal.
Fyresdal har eit mål om at kommunen skal vere blant dei fremste i landet på folkehelse. Eit ledd på vegen dit er å ha ein strategi og tiltaksplan for folkehelsearbeid.
Torsdag diskuterte kommunestyret om ein skulle leggje eit planforslag frå folkehelsegruppa ut på høyring. I planen er det lagt opp til at det skal vere helse i alt ein gjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sakna noko
På vegne av Ap-gruppa kom Siw Berve med fleire forslag på endringar i planen. Deretter var Bjørn Nome (Sp) klar for talarstolen. Han hadde gått og grubla på kva det er i planen som han ikkje fekk tak på. Han beklaga om han høyrdest flåsete ut når han kom med fylgjande:
- Planen seier meir om tarmbakteriane våre enn om psykisk helse.
Nome bad så om at planen fekk med noko om folks mentale helse.
Partifelle Tone Irgens Veum har vore med i folkehelsegruppa, der også ordførar Erik Skjervagen (Ap) og fleire kommunalt tilsette har delteke.
- Det har vore utfordrande å sitje i folkehelsegruppa. Prosessen har vore vanskeleg, mellom anna har det ikkje vore rom for å invitere tilsette som vil bli sentrale medspelarar ved eventuell gjennomføring av tiltaka. At dei ikkje har kunne gjeve oss innspel undervegs meiner eg svekkjer planen i så stor grad at han ikkje bør bli behandla slik han ligg no, sa Veum.
Ho føreslo å utsetje saka slik at folkehelsegruppa kan sjå på tiltaksdelen på ny. Vidare at gruppa justerer innhald og form på bakgrunn av behandling i leiargruppa, kommentarane til rådmannen i saka og innspela som kom i kommunestyremøtet.
Etter gruppemøte varsla Berve at Ap ville stø utsetjinga.
- Me vil også ha ein plan som er så god som mogleg, men vil ha saka tilbake til kommunestyret 19. juni, sa Berwe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og slik blir det. Folkehelsegruppa må no møte til ny time med meir behandling. Dei har ikkje noko anna alternativ.