Prinsesse Märtha Louise gjev fakkelen til Åshild Lofthus på Øverbø 27. november 1993.
Prinsesse Märtha Louise gjev fakkelen til Åshild Lofthus på Øverbø 27. november 1993.

Men var det fakkelen frå Morgedal eller frå Hellas som brann på Lillehammer?

Det er 25 år sidan dramaet om OL-fakkelen.

OL-fakkelen blei tent i gruva på husmannsplassen Øverbø, der den moderne skisportens far Sondre Norheim voks opp, 27. november 1993. Prinsesse Märtha Louise fekk æra av å tenne tyrifakkelen som Eivind Strondi hadde laga, og gje han vidare til snøbrettkøyraren Åshild Lofthus frå Vinje. Lokale skiløparar som Jan Rune Grave og Ingebjørg Fisketjønn tok han vidare til Knut Tore Apeland som tente på fakkelen ved Norsk Skieventyr. Alpinisten Atle Skårdal frå Lunde fekk æra av å springe den fyrste etappen, saman med Olav Eriksen frå Vinje.

Grekarane reagerte

Det var tredje gongen Morgedal var arena for tenninga av den olympiske elden. Fyrste gongen var til OL i Oslo i 1952. I 1960 blei fakkelen som blei frakta til Squaw Valley tent på Øverbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men den 75 dagar lange fakkelstafetten over 8000 kilometer til Lillehammer gjekk ikkje utan dramatikk, og heile historia er kanskje heller ikkje kjent. Dei greske styresmaktene syntest lite om den norske fakkelstafetten og kravde at det var elden frå Olympia som skulle brenne i OL-byen. Dåverande kulturminister Åse Kleveland godtok dette. Morgedølane reagerte sterkt. Kviteseid-ordførar Inge Fjalestad skreiv brev til statsminister Gro Harlem Brundtland, referete VTB i januar 1994.

– Elden frå Morgedal har like mykje kulturell bakgrunn som den greske, sa Fjalestad til lokalavisa.

Heiberg støtta Morgedal

OL-president Gerhard Heiberg støtta lojalt Morgedal i kampen om OL-fakkelen og fekk ei stor stjerne i bygda. Elden frå Morgedal blei redusert til ei «helsing», men blei offisielt tent under opningsseremonien til Paralympics i etterkant av dei olympiske leikane.

– Ideen var at den olympiske eld frå Olympia skulle smelte saman med Morgedalselden før opninga av leikane, men dette skapte ein heftig debatt mellom Olympia og Morgedal om elden som heilagt symbol, skriv Norges olympiske museum på sine heimesider, og fastslår der at den offisielle olympiske elden blei tent i Hera-templet i Olympia 16. januar 1994.

Mange rykte

I ettertid dukka det opp mange rykte om kva eld som eigentleg brann dei fjorten kalde februardagane på Lillehammer. Og myten lever framleis.

Det var uansett ikkje Kronprins Haakon Magnus som faktisk tente OL-elden. Under eit pressetreff i Sotsji-OL i 2014 sa Kronprinsen at han fekk litt teknisk hjelp:

– Det var ein mann frå Drammen som trykte på ein knapp, sa Kronprinsen, ifølge Aftenposten.

oystein.oygarden@vtb.no