Miljøheim med åtte plassar og 12 tilsette til Vinje?

I kvass tevling med Kviteseid let det til at Vinje skal få den nye fylkeskommunale miljøheimen som skal opprettast i samband med barnevernsprosjektet i Telemark.

Heimen skal få åtte plassar for born og ungdom som manglar omsorgspersonar, og som ikkje har plass i fosterheim, og det blir 12 tilsette ved heimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styringsgruppa for barnevernsprosjektet går inn for Vinje. Det er sett av 100.000 til prosjektering i 87, ein skal bygge i 88, og sette i drift i 89, opplyser Ragnhild Stokke, sekretær for styringsgruppa til VTB. Byggesummen er førebels rekna til 2,5 millionar.

Les meiri VTB-arkivet.