Minibutikk får ikkje selje alkohol

Skræi AS ved dagleg leiar Robin Stellwagen Seljevold ynskjer å selje alkohol i gruppe 1 (øl og cider) i ein minibutikk med daglegvarer i samband med campingdrift i Roankroa i Hauggrend i Fyresdal. I same lokalet er det søkt om skjenkeløyve i gruppe 1 og 2 (vin) kvar dag frå klokka 11.00 til 24.00 heile veka.

Målgruppa for etableringa til Skræi AS er turistar i samband med campingplassen. Søkjaren meiner både sals- og skjenkeløyve er ein viktig del av det å drive turistverksemd, og å vere ei tilleggsnæring til campingdrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skræi AS har fått serveringsløyve av hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg i Fyresdal. Men søknaden som gjeld alkoholsal- og skjenking gjekk ikkje heilt igjennom i kommunestyret. Det fordi alkohollova seier ein ikkje kan selje alkohol i same lokalet der det er skjenkeløyve. Derfor har politikarane sagt nei til sal av alkohol i minibutikken.

Men Skræi AS får løyve til å skjenke alkohol i gruppe 1 og 2 fram til 30. juni 2020 i Roankroa. Dagleg leiar må gjennomføre og få godkjent kunnskapsprøva om alkohollova innan to månader frå vedtaket gjeld.