Misfornøgd med servicen
Tahar Haddad var innom minibanken på Dalen tysdag. Han blei møtt med plakaten som viste at minibanken var i ustand og stengt. Det stod ikkje noko om når minibanken opna att. Næraste bankkontor er i Åmot.
– Det er for dårleg. Tenk om det hadde vore midt i turistsesongen. Eg kjenner eg blir litt irritert, seier Haddad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Banksjef i Dnb Åmot, Ingrid Omdal Tveito, seier det er vaktselskapet Loomis som har ansvaret for at minibankane er i orden og fylt opp. Vaktselskapet skal få beskjed direkte ved tekniske problem.
– Meldinga skal gå elektronisk til Loomis, men me vil gjerne også få vite når teknikken sviktar. Då kan me skuve på for å få fortgang i feilrettinga, oppmodar banksjefen.