Musikkfest!

Tolv musikk-korps samla i Øyskogen, der bygdetunet i Fyresdal danna ei vakker ramme kring Vest-Telemark Stemnet. Då feststyrar Olav Jortveit ynskte velkomen kunne fem hundre musikantar marsjere inn i hjarta av Folkestadbyen.

– Vest-Telemark er framleis eit musikktyngdepunkt i fylket, slo ein oppriktig imponert Per Arne Berg fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Representanten for Telemark krets av Norges Musikkorps Forbund gav honør til arrangøren, og peika på korpsrørslasom ein sikker innfallsport for dei som skal bere musikktradisjonane i fylket vidare.

– Korpsa i Edland, Rauland, Vinje, Tokke, Høydalsmo, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Flatdal og Seljord går Grenland ein høg gang, runda Berg av.

 Les heile saka