Nær 40 trillingfødslar på Kjetil Snarteland i vår
I tre veker har Kjetil Snarteland i Fyresdal budd i sauefjoset. Frå eit vaktrom har han godt utsyn både til gamle- og nyfjoset, og kan halde kontroll med 175 ventande mødrer.
– Eg er godt nøgd så langt. Innpå 40 trillingfødslar er i meste laget, så eg har gjeve bort 16 lam, seier Kjetil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med eit snitt på vel 2 kan lesarane forestille seg at det er eit yrande liv i sauefjoset i Fyresdal.
– TV-overvaking? Det kan vera greitt når det går mot slutten, men elles likar eg å ta ein runde for å sjå til dyra, fortel Kjetil – med snart 30 års røynsle som sauebonde.