Næringshagen tilset bedriftsrådgjevar
Vest-Telemark næringshage AS har tilsett Asmund Stenseth som bedriftsrådgjevar. Han kjem frå jobben som næringssjef i Tokke kommune.
Stenseth utdanna seg til økonom ved Universitetet i Bergen, og har røynsle frå jobbar i både det offentlege og private.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opphavleg kjem Stenseth frå Drammen, men kona hans er frå Dalen og han flytta til Tokke i 1996. To år etter det flytta han med familien til USA for å jobba med eit programvareselskap han og kona var medeigarar i. Etter elleve år kom han og familien heimatt.