Naturens julebodskap
Her sørpå i landet kåns har me fortsatt nokre timar midt på dagen med ljos og varme frå ei sol som stryk i si slake bogeforma rute lågt på himmelen over horisonten. Nå midtvinters er det bare omlag seks timar frå soloppgang til solnedgang. Men det blå ljoset i morgonstunda og ved kveldstid er stemningsfullt og vakkert nå i dagane før jul, serleg i fjellet der himmelsynet er vidt og soltimane lengre. Og så er det snjo som gjer landskapet ljosare. Skiføre er det dårleg med i låglandet og i heiområda, men i høgfjellet er det snjo nok for skiturar Den 21. desember var dagen på sitt stuttaste og sola på sitt lågaste over synsranda. Frå da av gjeng det smått om senn mot lengre og ljosare dagar.
Det er så godt og stille der eg sit med ryggen mot ei varm fjellfurustamme i vesthellinga av Venelifjellet i Vrådal, og ser og kjenner den varmande sola stryk lågt over Hægefjell sin fjellkam i vest. Ein grell kontrast til planleggingsmøtet om Gaustadagen her om dagen i byen, med ulande og hastande biltrafikk på alle kantar. Tanken blir ikkje så fri da når stillheita blir broten av unaturlege lydar …
Artikkelen held fram under annonsen.
Naturen talar til meg med si mjuke stemme her eg sit i solljoset ved furua. Ein orrhane prøvar fånyttes å skape vårstemning nedi lia ved Fjellimellom, og ved furuleggen der eg sit tittar mosen og den grøne tyttebærlyngen fram i snjokanten og ber fram ein skøyr bodskap om ein vår langt der framme. Men fyrst skal naturen gjennom mange vinterdøgn som ingen veit korleis blir. Elg og hare, rev og mår, ja, til og med ei einsleg gaupe, har satt sine tydelege spor på kryss og tvers i snjoen. Og rjupe og orrfugl har brodert snjoteppet med sirlege spormønster og ei og anna kvilegrop i laussnjoen. Flokkar av småfugl flyg frå bjørk til bjørk på leiting etter den livsviktige føda nå vinterstid. Alle desse dyra og fleire til er liksom naboane og venene mine her i den stille og øyde fjellskogen, med dei trauste og snjotunge granene i lia bakom dei ljosare furuåsane.
Kom inn i naturen å få med deg desse ljose timane i eit landskap med den fine, kvite vinterkåpa på, og der våren og sommaren ligg tolmodig og ventar under. Lat desse sakte og rolege naturrytmene få senke seg i sinnet og sjela di. Da vil julehøgtida og det nye og ukjende året få den dimensjon og plass det fortener hjå deg og dine. I nærkontakt med skaparverket i naturen blir ein audmjuk og respektfull. Dei store og gode nyttårsønska og alle dei velmeinte forsetta våre får ei større meining da.
Jule- og nyttårshelsing frå
Jon Ingebretsen