Nei til samanslåing av Kviteseid og Seljord
Underteikna seier nei til samanslåing av kommunane Kviteseid og Seljord.
Fordi:
Artikkelen held fram under annonsen.
– To små kommunar blir framleis ein liten kommune etter ei samanslåing
– Kostnadene ved ei slik samanslåing blir større enn gevinsten
– Lite strategisk å slå saman Kviteseid og Seljord no
– Ei kommuneendring må omfatte heile Vest-Telemark
– Ei kommuneendring må planleggjast slik at heile regionen får nytte av det
– Ein ny kommune må bli stor nok til å bli ein berekraftig kommune i framtida
– Vi har det ikkje så travelt med å slå saman kommunar
Nokre grunnar som talar for ei Vest-Telemark-løysing:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Endringar på fylkesnivå med regionfylke vil føre til nye og større oppgåver til kommunane
– Nytt inntektssystem vil legge press på kommunane
– Som ein kommune vil vi stå sterkare i kampen mot sentrale styremakter. Jf. t.d. konsesjonskraftpengar og statlege arbeidsplassar
– Politisk kontroll med dei samarbeidsoppgåvene vi har i Vest-Telemark i dag
Torstein Tveito (Sp), Anne-Lise Råmunddal (Sp), Karin Maria Larsen (A), Johannes Skarprud (A) (alle tidlegare ordførar)
Olav Mosdøl (KrF), Gunnar Ruud (H), Jonn Foldøy (KrF), Harald Smeland (Sp) (alle tidlegare varaordførar).