Nei til spørjeundersøking

Kommunestyret i Tokke sa tysdag nei til å gjennomføre spørjeundersøking i samband med kommunereforma. Politikarane gjekk heller inn for å halde folkemøte og folkeavrøysting om eventuelt å slå saman kommunar i Vest-Telemark.

For Tokke sin del er det ei eventuell samanslåing med Fyresdal som kan bli aktuell. I løpet av november vil det liggje føre ei intensjonsavtale mellom kommunane, men lite tyder likevel på at det faktisk blir nokon samanslåing. Om ikkje styresmaktene då strammar dei økonomiske støtteordningane så hardt at kommunane ikkje har noko val.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har lagt opp til ei spørjeundersøking som gjev ja til kommunesamanslåing. Men der folkeavrøystingar har blitt halde har svaret blitt det motsette, altså nei. Det fortel meg at spørsmåla i undersøkinga er forma slik at respondentane blir leia til å svare ja, sa Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

Både Felland og Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) har uttala at dei ikkje er for kommunesamanslåing.