Nissedal-politikarar om eigen alderdom
– Eg ser dykk som representative for nissedølar flest - og det er sporty gjort å stille opp. Sa sosialsjef Torgeir Nordal då han på kommunestyremøtet førre veka gjorde dei folkevalde til prøvekaninar for korleis eldreomsorga i Nissedal skal sjå ut i framtida. Ikkje minst med tanke på at kommunen l. januar 1988 får eineansvaret for sjuke- og aldersheimen, er det viktig å sjå framover, understreka Nordal. Spørjegranskinga som sosialsjefen hadde lagt opp til, var ikkje omfattande. Fem spørsmål der kvar enkelt politikar måtte prioritere - eller svare ja eller nei. Og kven vil ikkje krysse av alternativet «bu i eigen bustad» framfor å ha 15 kvm i ein eldreinstitusjon?