Nissedalordføraren har tru på trappefabrikk igjen

I sist formannskapsmøte sa ordførar Halvor Homme (Ap) at han har særdeles god tru på at det vil vere investorar som kan vere interesserte i å starte eit nytt selskap og kome i gang med trappeproduksjon i Treungen att.

For at det skal skje sa ordføraren at det er ein del ting som må på plass fyrst.

– Ein må ha nokon som skal drive selskapet – ein dagleg leiar må vere på plass før nokon eventuelt tek steget og kjøper fabrikkbygget og legg pengane sine i det, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den seks år gamle verksemda Tarraldsen Trappa AS gjekk konkurs for to veker sidan, og 15 tilsette mista jobben sin.

Det har vore trappeproduksjon i Treungen sidan 1979.