Ny bil i heimesjukepleia

Nissedal kommunestyre har løyvd inntil 300 000 kroner til innkjøp av ny bil i heimesjukepleia. Summen blir å innarbeide i investeringsbudsjettet i samband med 1. tertial.

Heimesjukepleia er avhengig av å ha tre bilar i drift. Den eldste er ti år gamal, og har dei to siste åra hatt mange og dyre reparasjonar. Tilrådinga frå ein verkstad i Treungen er å kaupe ny.