Nye E 76 gjennom Brunkeberg klar til ferietrafikken
– Det har vore eit svært brysamt sprengingsarbeid, men trass i hus på alle kantar har det gått bra, og 10.juli reknar eg med at trafikken kan setjast på E 76.
Det er oppsynsmann Kåre Holte som seier dette om omlegginga av E 76 gjennom Brunkeberg. Han reknar ikkje med at dei rekk å ha ferdig pussinga av skråningane innan den tid, men som sagt, trafikken skal gå. Når det gjeld den totale omlegginga av Rv 39, skal den vere ferdig til neste år på same tid. Avkøyring frå E 76 til Rv 39 for dei som kjem nedantil vil bli i det nye krysset, men at det vil bli laga ei midlertidig sløyfe inn på den gamle vegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire gamle nyheiter i VTB-arkivet her. Ope for VTB-abonnentar og dagspass.