Nytt Straand-prosjekt til 10 mill. i Vrådal
Med planar om 34 appartementsleilighetar til rundt 10-11 millionar kroner får «plattform Straand» i Vrådal det tredje beinet å stå på.
– Me har ikkje teke standpunkt til når utbygginga skal skje, men me har lenge hatt planar om kapasitetsutviding, og med denne hytteutbygginga aukar me kapasiteten og får i tillegg lagt inn eit tilbod me i dag manglar, seier assisterande direktør Stein Tønnesen ved Straand Hotell og Konferansesenter til Vest-Telemark Blad. Dei 34 leilighetane er dela på 17 frittliggjande bygg med eit samla areal på knapt 2000 kvm.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les meir i VTB-arkivet her (ope for alle VTB-abonnentar/dagspass)