Oppsyn avlivar jerv og bjørn

I vår har Miljødirektoratet hatt ekstraordinære uttak av jerv og bjørn for å redusere skader på sau og tamrein i 2015. Det er Statens naturoppsyn (SNO) som utfører oppdraga med å avlive rovvilt ein meiner må bort.

Bestanden av jerv blir i hovudsak regulert gjennom lisensfelling. Perioden for slik jakt blei avslutta 15. februar. Totalt blei det felt 50 jervar av ein kvote på 142.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterpå har SNO undersøkt kjente og nye hi hos jerv i heile landet for å hjelpe til med å få rovvilttalet på eit akseptabelt nivå med tanke på sau og rein i år. Frå 5. mars til 21. april avliva naturoppsynet totalt 35 jervar. I eitt tilfelle i Hedmark var hiuttaket ei tispe og tre kvalpar. Dei andre fylka der jerv blei avliva var Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland.

Vidare har det i vår vore to ekstraordinære uttak av bjørn. Båe blei felt i Grane kommune i Nordland fylke.