Frank Aarebrot.
UiB
– Ordføraren blandar private interesser og offentleg rolle
Frank Aarebrot meiner det er uheldig at ordførar Erik Skjervagen har blanda seg inn i faglege vurderingar, og karakteriserer trusselen om å nekte lønsauke som «fullstendig bak mål».
Frank Aarebrot er samfunnsforskar og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han meiner det generelt er positivt når politikarar engasjerer seg direkte og at det er ein del av kontrolloppgåva til kommunestyret.
– Ein etterlyser gjerne meir engasjement frå politikarane. Men i situasjonar som denne – der temaet er kontroversielt og ordføraren blandar seg i faglege vurderingar, er det uheldig, seier Aarebrot.
Ordføraren skal ha sagt til fleire tilsette at han ville syte for at dei ikkje fekk lønsauke i 2014 dersom dei ikkje gjorde meir for å oppfylle vedtaket om alternativ medisin.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP