Partiskifte er politisk sunnheitsteikn

Og partimangfald er demokratisk sunnheitsteikn.

For ei tid sidan hadde NRK Telemark ei sak om dei påståtte negative konsekvensane av at politikarar skifter parti. Dette har i denne valperioden serleg gjort seg gjeldande i Porsgrunn og Notodden i følgje Telemarkssendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i Notodden, Jørn Christensen, meinte dette lett kunne føre til politikarforakt og vera uheldig for lokaldemokratiet.

Eg trur derimot dette er eit sunnheitsteikn for lokaldemokratiet, og er med på å skape tillit og respekt for politikarrolla. Det ligg nøye vurderingar og gjennomtenkning bak ei avgjerdsle om å gå frå eit parti til eit anna, i ei overtyding om at det nye partiet har ein ideologi, ein politikk og eit partiprogram som passar betre for den det gjeld enn det partiet vedkomande velgjer å forlate.

Dette viser at vedkomande tar politikk på alvor, og tar standpunkt ut frå si eiga overtyding, og ikkje ut frå politiske diktat som er meisla ut av ei gruppe etter flokk- og partipiskprinsippet.

Sjølv har eg etter lang tenketid og grundige vurderingar, etter fleire periodar i kommunepolitikken for det same partiet, vald å melde meg ut av Venstre og inn i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Kort og godt fordi MDG har ein ideologi og politiske prinsipp som samsvarar enda betre med mitt politiske samfunnssyn enn Venstres, og fordi eg blei spurd om å stille meg til disposisjon for MDG på fylkesplan og i tillegg for det nye interkommunale MDG- laget i Vest-Telemark.

Venstre har mange politiske standpunkt som samsvarar med mitt syn, men MDG har enda fleire. Dessutan har Venstre gradvis endra seg frå å vera eit distriktsparti til å bli meire urbant prega.

Eg har derfor vald å drive politikk ut frå eiga overtyding, og kjende det litt dobbeltmoralsk å sitje som venstrepolitikar ut perioden og samtidig stå på MDG sine vallister til komande periode i fylkesting og kommune.Ei utmelding av Venstre, ei innmelding i MDG og møte som uavhengig ut inneverande periode blei derfor mitt val.

Jon Ingebretsen

Artikkelen held fram under annonsen.

leiar i MDG Vest-Telemark, 1. kandidat i Kviteseid