Rokne Eld blei nummer tre i Elitkampen på Solvalla sundag. (Arkivfoto)
Rokne Eld blei nummer tre i Elitkampen på Solvalla sundag. (Arkivfoto)

Rokne Eld spurta til tredje

Vinjehesten Rokne Eld viste nok ein gong at det er få som kan måle seg mot speeden hans når det løyser seg på oppløpet. 150 meter før målstreken på Solvalla kom opninga og 10-åringen med Kristine Kvasnes i sulkyen kom i mål som nummer tre i Elitkampen 2014. For den prestasjonen vanka det 58 867 kroner. Det var ikkje den einaste overraskinga i løpet. Ein annan telemarking, Neslands Loke frå Drangedal, kryssa nemleg målstreken først og blei med det heidra med 300 000 kroner i fyrstepremie. Føynland Kongen på andreplass sytte for heilnorsk trippel på tråvsportens festdag sundag.