Ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) og Senterpartiets ordførarkandidat Jarand Felland ynskjer kvarandre lykke til halvannan time før resultatet i Tokke truleg er klart.
Ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) og Senterpartiets ordførarkandidat Jarand Felland ynskjer kvarandre lykke til halvannan time før resultatet i Tokke truleg er klart.

Roleg valvake så langt

Det var etter måten svært roleg på Arbeidarpartiets og Senterpartiets valvake i Tokke då klokka nærma seg ni i kveld.

– Eg trur ikkje nokon av oss er særleg stressa, men sjølvsagt er me spente. Det skal bli godt å få det overstått, seier Hilde Alice Vågslid (Ap), ordførar i Tokke.

Ho og teamet hennar er samla på Dalen kro der dei også fylgjer med på fjernsynet for å sjå korleis det utviklinga er i andre stader av landet også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om godt og vel ein time så bør me vite resultatet. Då er det godt å vite at me har gjort det me kunne. Så får me sjå kva veljarane meiner om det, smiler Vågslid.

– Har du førebudd ei eventuell sigerstale?

– Nei, på ingen måte. Eg tek det på hælen om det blir siger eller ei. Eg er førebudd på båe delar, men vedgår at eg har ei god kjensle, svarar ho.

Ellen Ofte Jakobsen (KrF) er spent, men roleg før valresultatet ligg føre.
Ellen Ofte Jakobsen (KrF) er spent, men roleg før valresultatet ligg føre.

Senterpartiet i Tokke held valvaka si på Dalen Hotel. Også der var stemninga roleg litt før ni.

– Me er nok litt nervøse, og som eg har sagt før så er i alle fall eg kjempespent. Me vel å vere optimistiske med tanke på valresultatet, seier ordførarkandidat Jarand Felland.

I Høydalsmo sit Ellen Ofte Jakobsen, listetopp for KrF. Ho er også spent på valresultatet.

– Ja, eg er spent, men samstundes roleg. Me skal ha strategimøte i morgon for å diskutere valresultatet og strategien vidare. Me ynskjer sjølvsagt å kome i ein posisjon der me kan få størst mogleg gjennomslag for politikken vår, seier Jakobsen.

– Me har altså ikkje lova oss bort til nokon på førehand, slår ho fast.