Salen for smil og sveitte!

Storstoga på Kvitsund Gymnas ferdig i haust:

Hausten 1986 vil for alle Kvitsund-vener vere ei minnerik tid. Etter mange års planlegging og aktivt byggjearbeid i eitt år, er den nye gym-og forsamlingssalen på Kvitsund Gymnas endeleg ferdig. Bygningen ruver godt i terrenget, sjølv om arkitektfirmaet Sørplan har satsa på halvtak for å dempe verknaden av høge veggar. Skulen har no fått ein skikkeleg sal - høveleg både for gymnastikk, møte og kulturelle arrangement. 24. august vart salen innvigd på skikkeleg vis, og nærare 500 menneske fekk plass i det drustlege forsamlingslokalet.

Les heile saka