- Satsing på arbeidsplassar blir endå viktigare

Telemark fylkeskommune får redusert inntektene som følgje av Regjeringas framlegg til revidert nasjonalbudsjett. Fylka med størst vekst blir styrka, på kostnad av dei med låg vekst, som Telemark.

Reduksjonen er på om lag 8 millionar kroner over 5 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Inntektstapet er i seg sjølv ikkje så stort som vi hadde frykta, men kjem på toppen av ein pressa økonomisk situasjon som gjer at vi nå førebur forslag om store kutt i budsjetta, seier fylkesrådmann Evy-Anni Evensen.

- Dette tydeleggjer i endå større grad kor viktig det er å få fleire arbeidsplasser og fleire innbyggarar til Telemark, eit arbeid som er høgt prioritert i fylkeskommunen i dag, blant anna gjennom prosjektet «Invest in Telemark», seier ho.

Regjeringas forslag til revidert nasjonalbudsjett viser at momskompensasjonen for bygging av idrettsanlegg aukar med 10 millionar opp til 65,8 millionar. Ventetida blir noko kortare. Auken for fylkeskommunen vil ligge rundt 350-400 000 kroner.

- Sjølv om dette er ikkje er veldig mykje pengar, så er det pengar som betyr mykje for lokalidretten i fylket vårt, seier fylkesordførar Terje Riis-Johansen.