Saulending ny rektor
Godtfred Særsland (46 år) frå Sauland er tilsett som ny rektor ved Seljord folkehøgskule. Han tiltrer stillinga 1. juni. Han etterfylgjer Arve Husby som gjev seg etter to år i jobben og flyttar tilbake til Trondheim og arbeid i Steinerskulen der.
Særsland har i alt seksten år bak seg som tilsett i grunnskulen i Seljord kommune. Han har mellom anna vore rektor ved Flatdal skule, og har no stillinga som assisterande rektor ved Seljord ungdomsskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
No synest han det var greitt litt endring.
– Eg gler meg til å byrje i eit nytt skuleslag der elevane er nesten vaksne. Sjølve skuleleiarjobben er nok mykje det same, men i og med at folkehøgskulen er organisert som ei stifting, blir det nok andre utfordringar på den administrative sida, seier den nytilsette.
Særsland fortel at han framleis kjem til å bu i Sauland og pendle til arbeid i Seljord.
På spørsmål frå Vest-Telemark blad opplyser kontorleiar Brith Bø ved Seljord folkehøgskule at det i alt var 16 søkjarar til rektorstillinga.