Seljord-nei til å sende skuleborn til Bø kommune
Seljord skulestyre gjev ikkje avkall på Seljordelevar til Bø. – Bruk heller energien på å påverke Bø kommune og arbeidet med å få eigen skule i Vefall/Brekke, var oppmodinga foreldrerepresentantar frå grenda fekk i skulestyret torsdag kveld. I førre skulestyremøte fekk foreldra til førskuleborna verbal velvilje, men nei til søknaden om å få eigen barneskule no. I dette skulestyret vart det mot to røyster nei til å overføre born til Sanda skule i Bø. Eit vonbrot for foreldra, som meinte seg mistydd og offer for «taktikkeri» frå skulesjefen.
– Seier me ja til overføring, riv me grunnen vekk under ein framtidig barneskule, sa Lars Bjaadal på møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les heile saka i VTB frå 6. juni i arkivet her. Ope for alle VTB-abonnentar og dagspass.