Seljord og Kviteseid – saman er vi sterke!
Styra for Seljord Venstre og Kviteseid Venstre har vedteke å stø intensjonsavtala om å slå saman Seljord og Kviteseid til ein kommune.
Ein samanslegen kommune vil bli den største i Vest-Telemark og vonleg eit steg på vegen til eit samla Vest-Telemark. Vi kan få ein kommune der vi betre kan meistre ei krevjande framtid, og ta vare på eigen identitet, språk og kultur.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi oppmodar innbyggjarane i begge kommunane til å bruke røysteretten sin i den rådgivande folkerøystinga!
Styret i Kviteseid Venstre
Styret i Seljord Venstre