Ship to Gaza – eit realt bomskot!

Svar til Tore Skaug

Eg står fast på at Ship to Gaza er eit realt bomskot, men eg ser og at innlegget mitt råka deg hardt, nesten ein innertier som dei seier på skytebanen.Innlegget ditt er interessant og det syner at Miff Vest-Telemark trengst. Ikkje fordi at gamle venstre radikalarar kan omvendast, men fordi at sanninga om Israel har tronge kår også her. Det er latterleg å kalle Miff krigersk. Du har lite å fara med i svaret til Cato Unhjem. Slik du omtalar Miff skulle ein tru det var IS, Boko Haram, Al-Shabab eller ein av dei mange islamske terrororganisasjonar som går i profeten Muhammeds fotspor med halshogging, røving  og sal av kvinner m.m.

Du kunne ha spart deg bryet med å slå opp på Wikipedia hadde du lese betre. Eg skriv at det er ingen ulovleg blokade, altså der er blokade men den er ikkje ulovleg. Det har tilmed FN sagt i ein rapport i 2011. Kvifor er det så viktig Tore at det skal vera fri flyt av våpen og rakettar til Gaza? Dette ville bety endå meir krig og endå meir elende for palestinarane. Israel har like stor rett til å forsvare seg og sine innbyggarar som andre nasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg må taka opp att frå fyrste innlegget: Gaza er ikkje okkupera. Etter 2005 har det ikkje vori israelarar på Gaza. Palestinarane fekk Gaza til odel og eige med mange nyttlege installasjonar, bl.a eit av verdens største gartneri. Her kunne dei skapt eit mønstersamfunn med dei store midlane som årleg vert gjeve til palestinarane. Men israelhatet er svært sterkt og den viktigaste oppgåva for Hamas er å knuse Israel. Difor har Hamas bruka store resursar på dette. Mellom 12000 og 15000 rakettar har til no hagla over Asklon og Sederot og over kibbutsar i Negev.  På dei stadene der rakettane landar er det bygt tett med bombesikre rom. Det tek berre 30 sekundar frå alarmen går til nedslaget. Skular, barnehagar og andre offentlege bygningar har fått ekstra tjukke betongtak og ekstra betong fasader. Dette er grunnen til at få sivile israelarar blir drepne. Israel tek vare på sine, medan dei som er gislar for Hamas blir bruka som menneskjelege skjold. Mange rakettar blir også nedskotne. Israelarane reiknar og med at om lag 25 % av rakettane slår ned i Gaza og gjere stor skade. Israel får skulda for dette.

Det bomba huset som æresmedlem av Palestina, Kåre Willoch, fekk sjå var truleg råka av ein slik «villgjengar».

Dersom Hamas ikkje sendte rakettar til Israel ville det ikkje bli nokon krig. Terrororganisasjonen Hamas har heile skulda for dette. Dersom Hamas ville leva i fred med Israel ville det ikkje vori nødvendig med sjøblokade. Hamas har den heile skulda for dette.

På land er det ingen blokade på Israelsk side, men frå dei muslimske brørne i Egypt er grensa heilt stengt. Eg syns at du og andre aktivistar skulle prøve å bryte denne blokaden, i det minste koma med langt sterkare kritikk av Egypt enn av Israel. I fyrste kvartal 2015 kom der gjennom grenseposten Kerem Shalom 13.000 vogntog med utstyr, matvarer og medisiner. Det kjem inn mellom 450 og 550 vogntog kvar dag. Det er ingen restriksjonar på mat eller medisinar. Det er restriksjonar på 34 varegrupper som har samanheng med våpen og rakettproduksjon. Alt i fjor haust byrja Hamas å byggje terrortunnellar. Kvar tunnell krev svært mykje sement, armeringsjarn m.m. som heller kunne ha vori bruka til oppattbygging. Israel har restriksjonar på desse materialane, men lovar full innførsel dersom Hamas sluttar å bygge tunnellar.  Der kjem inn mykje bygningsmateriell likevel. T.d. på ein dag i april kom det inn 14.000 tonn.

Dersom det går smått med oppattbygginga på grunn av mangel på materialar går mykje til tunnellar.

Det er stor trafikk ut av Gaza også. I fyrste kvartal 2015 var det 40.000 grensepasseringar, for det meste handelsfolk. Bøndene i Gaza har fått importavtaler med Israel og det fører til meir trafikk. Eksporten av andre varer aukar også.

Gaza er ikkje stengd frå israelsk side. Alle nødvendige varer kjem inn.

Nauda i Syria er mange gonger større enn i Gaza, Tore. Kvifor ikkje sende Ship to Syria. Det ville ha vori meining i. Det ville eg og ha støtta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Øygarden

Vinje