Siste innspurt i systoga
Henteklare bunader på rekkje og rad. Tida før 17. mai er travel for dei som lagar stasplagg.
Det er måndag ettermiddag i 17. mai-veka. Stemninga inne hos Sverre Ruud AS midt i den såkalla Kviteseidbyen er ikkje stressa. Ein får inntrykk at ho sjeldan er det. Men bemanninga er dobla desse maidagane, frå ein til to personar. Dessutan jobbar flittige hender i fleire heimar rundt omkring med å montere og tilpasse bunader og skjorter for harde livet. Kundane skal få bunaden sin i tide til nasjonaldagen.
Bunadsfaglært
Stine Bergland (35) kjem frå Fyresdal, er utdanna i kjole- og draktsaum, og arbeidde i fleire år på Almankås i Bø. Ho er busett med familie i Kviteseid. I haust blei ho «headhunta» til Sverre Ruud AS. Bergland trivst godt som bunadstilverkar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me skulle gjerne vore fleire som driv med dette. Det er eit smalt fag, seier ho.
Dei aller fleste kvinnebunadene skal til konfirmantar. Desse er det to års leveringstid på, fortel Bergland, som er både syr og sel i den tradisjonsrike butikken.
Herrebunadene har langt færre broderi, og tek kortare tid å levere.
Flest rundtrøyebunader
Seks tause, permanente mannekengar viser fram bunadene ein kan bestille hos Kviteseid-skreddaren.
Det er den svarte, stilreine herrebunaden med langbukse det det går aller mest av. Rundtrøyebunad frå Vest-Telemark er det faglege namnet. Dei blir ikkje produsert i Kviteseid, men kjem frå bunadsprodusenten Solhjell.
Dei andre bunadene frå Sverre Ruud blir sauma her til lands. Måndag låg det berre ein bunad att på sybordet til Bergland – ein Kviteseid-bunad. Å montere ein slik herrebunad tek om lag ei arbeidsveke, fortel ho. Mange som har tilknyting til Kviteseid vel denne varianten, med kvit jakke og brodert vest i potteblått og raudt. Eldrid Robberstad har komponert denne bunaden, som byggjer på drakttradisjonen i Vest-Telemark mellom 1750 og 1850.
Sjølv om neste generasjon har overteke verksemda i Kviteseid, ber butikken framleis namnet til Sverre Ruud, som var skreddar i Kviteseid i ei årrekkje. Den tredje typen som står utstilt i butikken, den høgliva gråkuftebunaden frå Vest-Telemark, var Ruud sjølv med på å rekonstruere.
Karane treng ofte eit spark bak
Veldig få av gutane som konfirmerer seg i dag gjer det i bunad. Dei har mange centimeter og kilo att å vekse før dei er vaksne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mange av karane som skal ha seg bunad er godt oppe i 20-åra eller eldre. Dei fleste seier at det er noko dei har tenkt på lenge, og at dei kanskje har fått ein bryllupsinvitasjon eller noko anna som fungerer som eit spark bak. Og dei har gjerne med seg mor si eller kona i butikken. Mennene har ikkje så sterke meiningar om vala dei må ta. Det er det som regel damene som har, humrar Bergland.
Sy ut – eller inn?
Før 17. mai og konfirmasjonar er det ikkje berre nye bunader som skal ut til kundane. Det hender også at bunaden ein alt har må gjerast noko med.
– Me får inn ein del me må sy inn eller ut, seier Bergland.
– Er det verkeleg mange som kjem for å få sydd inn bunaden …?
– Nja. Det er vel helst andre vegen. Men kroppen forandrar seg på mange måtar. Ting skjer, smiler fyresdølen.
Det er det som er det flotte med stasplagget: At ein kan få det sauma til å passe til akkurat sin kropp.
– Mennene blir også ståande og sjå litt ekstra på seg sjølv når dei får på seg den tilpassa bunaden fyrste gong. Mange som er lange og store strevar kanskje med å finne finklede som passar akkurat. Eg trur dei veks på det når bunaden passar heilt perfekt, og at det ikkje ser ut som noko dei har lånt, meiner Bergland.
Som sjølvsagt har sauma sin eigen bunad – og gjort den klar for sundagens strabasar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mange jenter er opptekne av at bunaden skal vera lang. Bestemødrene vil gjerne ha dei stuttare. Eg ville også ha lang bunad – men fann etter kvart ut at det er grenser for kor lang han kan vera når ein skal springe etter ungane på 17. mai. Så den måtte eg berre legge opp att, flirer Bergland, før ho forsvinn inn att på syrommet for å syte for at fleire kan bli bunadsfine til i morgon.
Sverre Ruud AS
For over hundre år sidan kom skreddar Amund Ruud frå Odalen gåande langs landevegen, og stoppa i Kviteseid. Der søkte han skreddarjobb, og enda med å slå seg ned og gifte seg. Han og kona fekk 10 ungar. Ein av dei var Sverre, som starta i lære hos faren og blei arvtakar til skreddarverksemda. Etter krigen starta Sverre Ruud si eiga skreddarforretning, fyrst på Flatin, før ho blei flytta til Kviteseid sentrum i 1964.
Sverre (1914–2012) var sentral i arbeidet med å hente fram att gråkuftebunaden frå Vest-Telemark. Han laga bunader til han var 95 år, og sauma tallause slike stasplagg for menn i løpet av dei 65 åra han var skreddar i Kviteseidbyen.
I dag er det framleis familien Ruud som driv Sverre Ruud manufaktur AS. Sonen Gunnar Ruud er hovudaksjonær og kona hans Vibeke er dagleg leiar for butikken. To av systrene til Gunnar, Eva Lognvik og Sigrid Kleven, syr for Sverre Ruud AS. Lognvik syr gråkufter og monterer damebunader, og Kleven monterer damebunader.
I dag bør du:
– Lufte bunaden.
– Sjekke at han er rein.
– Stryke skjorta (eller be nokon andre om å gjera det).
– Finne alle delane du treng. Alt av sylv, skjorte, sko, tørkle, osb. Det er kjedeleg å måtte arrangere leiteaksjon om morgonen 17. mai.