Siste jolemessa
I 28 år har Ånund Landgård ringt inn jola i Høydalsmo. No set kyrkjetenaren punktum med jolemesse nummer 29.
– Kyrkjegarden har vore ein god arbeidsplass. Kven skulle trudd det? spør Ånund, som i februar let ansvaret for tre kyrkjer over til Olav Langelid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ånund vart tilsett som kyrkjetenar i Høydalsmo 26. desember 1956. I 70-åra fekk han ansvar også for Eidsborg og Lårdal kyrkjer.
Arbeidsoppgåvene har endra seg, og Ånund sjølv har gått i brodden og gjennomført dei arbeidsoppgåvene som er pålagt kyrkjetenarane i Tokke i dag.
– I tilsettingsbrevet står det at eg skal ringe til messene, halde kyrkjegarden i stand og vaske kyrkja så langt eg rekk – ein gong i året. Løna var 1000 kroner, med 70 kroner tillegg per grav. Det var ikkje samsvar mellom instruksen og det folk såg som mitt ansvar. Tilhøva var vanskelege, og etter nokre år gjorde eg framlegg om ein meir tidsmessig instruks – med pålegg om å reingjere kyrkjene etter kvar messe – på line med andre forsamlingshus.
(…) – Det har undra meg kor lite folk veit om kyrkjegardsarbeid. I fullt alvor har folk spurt kva eg grev etter!