Skjervagen: – Eg beklagar, og har endra rutinar
Erik Skjervagen seier det har vore viktig for han å ta lærdom av saka, og at han beklagar overfor dei tilsette som har reagert på framferda hans.
– Eg har gjort to endringar i måten å tenkje på: Eg skal ikkje involvere meg i organisasjonen på detaljnivå, og mi oppfylging av politiske vedtak må skje berre i politiske fora. Ordføraren har jo ikkje noko makt utanom i møte, seier Skjervagen.
Skjervagens visjon om å få alternativ medisin inn i norsk helsevesen er den same, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men eg må velje ein annan strategi, seier han.
– Du har gått for langt?
– Ja, når tilsette reagerer slik har eg det. Det beklagar eg, svarar Skjervagen.
Les om varslingssaka ogårsakene til kommunestyrets sterke reaksjon her.
Skjervagen får full støtte av Fyresdal Ap som ordførarkandidat i 2015.Les saka her.