Skuletilbod i Vest-Telemark

Uttale frå dei tilsette ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Dalen:

Denne våren har det vore diskusjon om skuletilbodet ved skulen vår. Fyrst blei det foreslått at medie- og kommunikasjonslinja ved Seljord skulle flytte til Bø, men etter nærare gjennomgang blei denne linja verande i Seljord. Så kom eit politisk benkeforslag om ikkje å starte opp elektrolinja ved Dalen for skuleåret 2016-17. Eit siste innspel, denne gong frå inntakskontoret i Telemark, er at køyretøylinja ved Dalen berre skal ta inn fem elevar, trass i at vi har 11 søkarar og kapasitet hos skulen til alle 11. Vi meiner forslaga ber preg av raske, kortsiktige tiltak.

Elektrolinja ved Dalen starta opp i 2012, etter sterke signal frå næringslivet i regionen om at dei ynskte ei slik linje. Dei trong kompetansen, og dette behovet har ikkje blitt mindre, jf. uttale frå mellom anna Statkraft, Vest-Telemark kraftlag og Scana Mar-el. Søkartala har vore gode og alle elevane har fullført. Alle som har ynskt, har fått lærlingplass. Sist år var det 25 søkarar til 15 plassar. Linja har vore populær. Søkartala for 2016-17 er lågare, men vi meiner at lågare søkartal eitt år ikkje er grunnlag nok for å vedta at elektrolinja ikkje skal starte opp att. Det er per dato 7 søkarar til 15 plassar, og vi presiserer at to nye søkarar har kome til sidan Hovudutvalet sitt vedtak. I praksis vil dette få konsekvensar for «våre» elevar, som blir tvungne på hybel. I tillegg vil skulen stå i fare for å miste solid fagkompetanse som er bygd opp sidan linja blei oppretta i 2012.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skular i distriktet er meir sårbare for svingingar i både fødselstal og generelle trendar, sidan dei har eit lågare folketalsgrunnlag. Vi veit at karaktersnittet for å kome inn på elektrolinja i fjor var høgt, 25 søkarar til 15 plassar, og dette kan ha vore ei årsak til at nokre elevar har vurdert linja som urealistisk å kome inn på. Vi meiner uansett at eitt år med låge søkartal er eit for svakt grunnlag for å hindre ei god og solid linje å vidareførast. Eit politisk benkeforslag seint på året, når elevar har søkt og skulen er i ferd med å spikre stillingsplanar for neste skuleår, forstår vi knapt noko av. Ein må kunne gje signal på eit tidlegare tidspunkt, og i alle fall tåle eit «uår» før ein eventuelt vel å ikkje vidareføre ei linje. Sjølv om elektrolinja ikkje er foreslått nedlagt, formelt sett, er ei avgjerd om å «fryse ho» i praksis det same. VG1 vil vere tom i år. VG2 vil vere tom neste år. Elevar vil kvi seg for å søke linja. Kven ynskjer å kjøpe eit produkt som kanskje vil kome på marknaden att?

Køyretøylinja ved Dalen (KJØA) har gjennom fleire år blitt utfordra på rekruttering av elevar, då interessa for programområdet har vore svak. No har denne trenden snudd, og vi har 11 søkarar til linja for skuleåret 2016-17. Rektor ved skulen vår, Tove Palmork Haavelmoen, ga signal til fylkesadministrasjonen om at skulen har kapasitet til å ta imot alle desse elevane. Det er derfor uheldig at opplæringskontoret for køyretøy aleine skal kunne definere behovet for talet på elevar på VG2 køyretøy. I prøveinntaket var berre fem elevar tatt inn. Fire elevar fekk tilbod om andrevalet sitt på andre stader enn Dalen, og to elevar er ikkje tatt inn. I praksis kan dette bety at seks elevar må flytte ut av regionen mot si vilje, medan dei utdannar seg.

Hovudargumentet for å ta inn berre fem elevar, er mangelen på lærlingplassar. Vi meiner dette er feil. For det fyrste får mange elevar lærlingplass i bedrifter som ikkje er registrert gjennom opplæringskontoret, og dei bruker praksisperioden sin for å kvalifisere seg til plassen og til å knyte kontaktar. For det andre får fleire elevar lærlingplass utanfor fylket og fell derfor utanom det berekna talet på lærlingplassar i Telemark. For det tredje er det elever som straks ynskjer å utdanne seg vidare, og som derfor vel vidare skulegang framfor lærlingplass. Med berre fem elevar ved køyretøylinja, kan vi risikere at det blir for få lærlingar til å dekke behovet i regionen. Vi ynskjer derfor å oppmode fylket til å ta inn alle 11 søkarane på KJØA for skuleåret 2016-17.

Til slutt vil vi kommentere bustadsituasjonen for elevane våre. Vi møter dagleg ungdom som er takksame og letta over at dei har eit skuletilbod utan å måtte flytte heimanfrå. Nokre av dei bur langt unna skulen, men vel likevel buss i opptil to timar for å sleppe å flytte. Dei er ikkje på nokon måte klare for å bu for seg sjølve. Gjennomføringsgraden ved skulen vår er svært høg, nærare 90%, og vi veit at sjansen for å hoppe av vidaregåande skule er høgare for hybelbuarar. At nokre elevar likevel må flytte, forstår vi, ikkje alle tilbod kan bli gitt på ein mindre plass, men Telemark fylkeskommune bør tenke seg om før dei med eit pennestryk stansar skuletilbod og kuttar elevplassar på populære linjer ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Det skal vere rom for både liten og stor i Telemark.

Geir Timland og Emilie Asplin,

tillitsvalde v/Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Dalen