Slåsskamp på nachspiel

Ved firetida natt til laurdag rykte politiet ut til ein bustad i Seljord.

– Det gjekk heftig for seg på eit nachspiel i Seljord. Det var i ein privatbustad at 6–7 fulle folk fortsette festen. Festen gjekk over til slåsskamp og politiet måtte reise dit. Ein hadde blåveis og ein annan hadde hoven nase, skriv operasjonssentralen i Telemark på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen blei alvorleg skadd. Politiet meldte saka.