Det var onkelen Olav Inngjerdhaugen som lærde Knut Haugan å slengje band. På den tida var det vanleg at karane i Langlim dreiv med
Det var onkelen Olav Inngjerdhaugen som lærde Knut Haugan å slengje band. På den tida var det vanleg at karane i Langlim dreiv med

Slengjer band i stor skala

Til karbunad med knebukse er sokkebanda viktig tilbehøyr. I Seljord sit Knut Haugan (91) i djup konsentrasjon og flettar.

Han har 32 trådar å halde styr på. Tynne trådar av ullgarn klypt opp i 185 centimeters lengder. Leikande lett plukkar den fingernemme mannen opp trådane. Knut Haugan har verken spelemanns- eller kontorfingrar, men skikkelege arbeidsnevar. Han har trass alt vore snikkar i heile sitt vaksne liv. Ja, han heldt faktisk på til han var åtti år. Då sette eit hjarteinfarkt stoppar for bygningsarbeidet. Kva skulle han drive med då?

– Eg sat og ingenting hadde å gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange menn spita

Så leid det til konfirmasjonstid for barnebarnet Odd Martin, og han skulle skaffe seg bunad frå Ruud i Kviteseid.

– Då det blei snakk om sokkeband, kom eg på at det kunne dåeg gjera!

Slik blei det at Knut Haugan tok opp att handverket han dreiv med 66 år tidlegare. For det var som fjortenåring han lærde seg å slengje band. Læremeisteren var onkelen, Olav Inngjerdhaugen (1897-1974), men han lærte også av mor si Gunhild (1884-1971), bestemor Øli Inngjerdhaugen (1860-1939) og av tantene sine. Knut lærte seg å strikke også. Han har spita mange par tvibandssokkar og -vottar; og ei kufte strikka han også. At karar dreiv med slikt var ikkje uvanleg i bygda. I Langlim var det mange menn som spita i tida då Knut vaks opp.

Desse nevane har for det meste drive med grovarbeid. Men dei eignar seg like godt til puslearbeid.
Desse nevane har for det meste drive med grovarbeid. Men dei eignar seg like godt til puslearbeid.
Slengde sokkeband er eit viktig tilbehøyr til karbunad med stuttbukse. Her er nokre av banda Knut Haugan har levert til Ruud i Kviteseid og som bunadkjøparar kan velje i.
Slengde sokkeband er eit viktig tilbehøyr til karbunad med stuttbukse. Her er nokre av banda Knut Haugan har levert til Ruud i Kviteseid og som bunadkjøparar kan velje i.
Bandet skal to gonger rundt sokkeleggen før det blir knytt på ein spesiell måte. Biletet er frå utstilling hjå Ruud i Kviteseid.
Bandet skal to gonger rundt sokkeleggen før det blir knytt på ein spesiell måte. Biletet er frå utstilling hjå Ruud i Kviteseid.

Ein månad på ryggen

Det var i rekonvalsensperioden etter eit beinbrot at fjortenåringen lærte seg kunsten å slengje band. Etter å ha lege på Notodden sjukehus ein månad, blei han sitjande i fem veker heime på Haugan i Langlim med gipsa fot.

– Ulykka skjedde i februar det året eg gjekk for presten. Me bruka å samlast før skulen starta for å hoppe på ski. Det var skare om morgonen. Eg tok god fart, men så datt eg på hopppet og hamna nede i ei røys. Foten var broten og ute av ledd, leggbeinet stod rett ut. Knut Flat-Haugan bar meg på ryggen heim att, minnest den uheldige skihopparen.

Å koma seg til dokteren frå veglause Langlim var inga enkel sak. Med store smerter blei ungguten transportert på hesteslede frå Langlim via Manndal til Nutheim. Om ferda frå Flatdal ned til doktor Aanonsen i Seljord gjekk med hest eller bil, minnest han ikkje, men han kan klart erindre at det var Halvor Haugan frå Flatdal, som hadde drosje, som køyrde han frå Seljord til Notodden sjukehus. Syster hans, Hæge, som tente på Nutheim den gongen, var med til Notodden, men ho reiste sjølvsagt heim att med drosjebilen.

– Eg hugsar det var grueleg vondt, og me var ikkje framme på Notodden før seint på kvelden. På sjukehuset blei eg lagt med beinet høgt og med eit lodd på foten. Slik låg eg i strekk ein månad – eg måtte bare liggje på ryggen.

Sjukebesøk av presten

Frå månaden på sjukehuset har han eit ljost og fint minne. Det var då presten i Seljord, Simon Dahlen, var innom og vitja konfirmanten sin. Det var stort!

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gongen var det ikkje slik at familien kom på besøk til sjukehuset. Frå Langlim til Notodden var det langt.

– Heimanfrå og til Nutheim måtte ein gå, men derfrå gjekk det buss til Notodden. Det var tungvindt, og ikkje hadde dei råd til å reise så langt på bussen, heller.

Frå sjukehusopphaldet kjem Knut i hug at dei var fem på rommet, og at han både hadde Olav Moen frå Heddal og Åsmund Venås frå Seljord som romkameratar der.

Etter ein månad i sjukehussenga kom Knut heim att til Langlim. Foten var framleis gipsa – det var eit stygt brot – så han måtte ta det med ro. Og det var altså i denne tida han lærte seg å slengje band og å spita.

Yngst i syskenflokken

Knut var yngstemann av i alt seks sysken på Su-Haugan. Far hans, Gisle, var hardt angripen av leddgikt. Knut kan ikkje minnast han gjekk i det heile. Han låg i senga i tretten år.

– Den tida hadde dei ikkje medisin mot slikt, ja i så fall hadde dei vel ikkje råd til å kjøpe, heller. Etter kvart fekk far ein stol med meiar på av Jon Bekkhus, så då kunne me dra han inn frå kammerset.

Faren var også ein hendug kar. Då han ikkje lenger kunne delta i gardsarbeidet, sat han med trearbeid; han lagga holkar og gjorde river og slikt. Då Gisle blei sjuk var det eldste sonen, Olav, som då var tolv år gamal, som måtte ta dei tyngste taka på garden.

To kroner dagen i løn

Etter fem veker heime med spjelka fot bar det med hesteslede til Nuheim, og derfrå med drosje til Seljord. Dr. Aanonsen tok gipsen, og dermed var ungguten i gang att med det vanlege livet sitt. Denne vinteren handla det mellom anna om alle turane han og dei fire andre konfirmantane frå Langlim måtte gå over Vasen til konfirmantsamling i kyrkjestogo i Åmotsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Same vinteren, året var 1938, fekk Knut fri frå skulen ein månad for å vera med ein Oslo-kar på jakt. Jobben til Knut skulle vera å bera fugl. Jakta gjekk føre seg på Rust og oppe ved Gjevarvatnet. Men det blei ikkje travelt.

– Det var ikkje ofte han fekk noko. Dårleg bikkja han også, og ikkje var han noko til å skjote heller, humrar Knut.

For Knut var dette løna arbeid. Han fekk to kroner dagen. For dei seksti kronene han tente denne månaden kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Den kjøpte han på forretninga på Nutheim. Og den tapte skuletida? Skulen i Langlim var dela i storskule og småskule, der elevane gjekk ulike vekedagar. Knut måtte ta att det forsømte med å gå saman med småskulen.

Eismal i Havradalen

Fyrste åra i arbeidslivet var Knut i skogen. Ein vinter dreiv han med skogsarbeid ved Follsjø, ein annan arbeidde han i skogen på Kvåle i Manndal. Om det var då han fyrst blei kjend med henne som seinare som skulle bli kona hans, Liv fødd Kvåle, veit me ikkje. Dei to blei gift i 1958 og er busette på Moen i Seljord. Då dei to gifta seg var Knut alt ein erfaren snikkar. Slikt arbeid hadde han byrja med ti år tidlegare.

– Fyrst byrja eg i Oslo, der eg var i to år. Derfrå gjekk ferda til Skien. Der var eg i tre år før eg blei sendt til Rjukan for å byggje opp meieriet der. Meieriet blei ferdig, men eg skulle koma til å halde fram med bygningsarbeid på Rjukan i fleire år. Så eg har bygd mange hus på Rjukan!

No hadde Sundsbarm-utbygginga i Seljord starta, og han fekk arbeid der. Samstundes bygde han sin eigen bustad – huset han og kona Liv no bur i. Det arbeidet blei bare gjort på kveldane.

Seinare blei det mange år med bygningsarbeid for entreprenørfirmaet Furuholmen. Han hadde oppdrag både i Setesdalen, i Åseral, i Vågslid og fleire stader. Pendlaren nytta tida borte godt og arbeidde heile kveldane. Han fortel at han ofte blei sendt på oppdrag på fjellet. Til dømes låg han ein heil sommar eismal i Havradalen på Haukeli. Der bygde han eit lukehus. Elles har det lange yrkeslivet som bygningsarbeidar gjort han vidreisen; han har mellom anna arbeidd på Rafnes, i Sarpsborg, og har også tenestegjort i Oslo i fleire omgangar.

Den flittigaste leverandøren

Snikkararbeidet heldt han også fram med etter at han vart pensjonist, heilt til eit hjarteinfarkt sette stoppar for verksemda. Då var Knut 80 år gamal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg var god i hendene, så då byrja eg med å slengje sokkeband att!

Det fyrste paret var altså til bunaden til sonesonen. Bunaden blei kjøpt hjå Sverre Ruud Manufaktur i Kviteseid, og snart fekk Knut førespurnad frå bunadleverandøren om han kunne laga nokre band for dei også.

– Ja, så tok eg på meg det då, smiler Knut.

Seinare har han sete der med dei fargerike trådane. Kor mange par han har laga på dei ti åra har han inga aning om.

– Nei, men det er nok ein del, svarar han lognt og forsiktig.

Om han driv skikkeleg på så greier han eit par med band på to dagar. Men så intenst arbeider han ikkje med bandflettinga lenger. Tidlegare leverte Knut band til fleire ulike firma, men no går det meste av produksjonen til Ruud. Heller ikkje Gunnar Ruud kan anslå talet på sokkeband Knut har levert.

– Han kjem med femten-tjue par i gongen, seier Ruud, som karakteriserer Knut som den flittigaste leverandøren han har.

Til Vest-Telemarkbunaden blir det levert mest sidbukser, men også ein del knebukser. Og då er sokkebanda heilt naudsynte. Gunnar Ruud fortel at det er tre variantar av bunaden som blir levert med stuttbukse; den vanlege svarte, gråkuftebunaden og den med ei lang jakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Haugan lagar sokkeband med ulike fargekombinasjonar. Kva band høyrer til kva type bunad?

– Folk veljer litt etter smak. Ofte vil dei gjerne ha fargar som passar med silkesjerfet, eller dei vil ha silkesjerf som står til sokkebanda, svarar Ruud.