Slo tilbake etter surt tap
Etter det sure tapet mot Stathelle 2 i sist heimekamp var det eit revansjelystent Seljord-lag som tok imot Stridsklev på Eventyrøy tysdag. Sjølv om gjestene skåra fyrst, var det ingen tvil om at Seljord skulle sikre seg alle dei tre poenga. Til pause stod det 4-1, og då dommaren bles for full tid var resultatet 5-3. Joachim Grøstad var den sentrale spelaren med to mål og to målgjevande. I tillegg kom Kaspar Tufte Johansen, Oscar Kåsa Dehli og Tommy Sandsdalen på skåringslista i Seljords andre siger for sesongen.
Sven Magnus Skimmeland var tilbake i den raude drakta etter eit opphald i Skarphedin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord er nummer ni i 6. divisjon med seks poeng etter dei sju fyrste kampane.